Tema: Beite

Frå fjøsdøra til beite – tiltak mot gjørma

Viss ein skal ha glede av beitet også i våte periodar, må ein ofte gjere tiltak der kyrne skal gå frå fjøsdøra til beitet.

Knut-Olav Øvreeide

Rådgjevar Tine

Beitesti som toler belastning, stien er også heva over terrenget rundt.

Foto: Rasmus Lang-Ree

Det å opne fjøsdøra og sleppe kyrne fritt ut mot beite er eit kjekt skue, i alle fall dersom sola skin. Men det er ikkje sol og hoppande kyr kvar dag om sommaren, noko som kanskje særleg ein vestlandsbonde kjenner seg att i. Somme dagar når du ser kyrne lettar på både hale og klauver for å unngå gjørma, tenkjer ein kanskje det hadde vore best å la dei vere inne. Difor kan det vere interessant å sjå nærare på området mellom fjøsdøra og beite, slik at beitet også kan nyttast i dei våte delane av sommaren.

Led regnvatnet vekk frå stien

Slik som oss på to bein, likar også kyr å vere tørr på beina. Eit tydeleg signal er kvar kyrne lagar stien sin når dei går til og frå beitet. Enkle traktorvegar blir ofte brukt, og her lagar kyrne typisk stien sin mellom hjulspora til traktoren. Dette er det høgste punktet på vegen, og hjulspora dannar ei naturleg grøft som held vatnet vekke frå stien til dyra. Dette er god inspirasjon dersom ein skal etablere nye beitetrakk. Pass på at stien, eller vegen, har ein naturleg kurve/topp der kyrne skal gå slik at regnvatnet kan ledast vekk frå stien, gjerne med enkle grøfter på sida av vegen.

Underlag med god dreneringsevne

Underlaget og måten vegen er oppbygd har også ein del å bety for om det fort dannar seg gjørme. Massar med god dreneringsevne vil tole meir regn før dei blir gjørmete og utrivelege. Dei bør også vere litt trykkfaste slik at klauvene ikkje sekk igjennom, slik som på ei sandstrand. Sjølv om knuste steinmassar ofte held godt på forma, skal ein unngå å bruke dette fordi det inneheld mykje skarp stein som gjev ein høgare risiko for skadar på klauvene. Eit topplag med elvasand er meir skånsamt for klauvene. Grov kutterflis er også aktuelt og drenerer godt, men unngå skarp flis. Felles for sand og flis er at ein kan bytte topplaget når dei blir gjørmete.

Tiltak der det blir stor tråkkbelastning

Dersom det er stor tråkkbelastning, enten ved at det er mange dyr eller at dyra skal igjennom ein flaskehals, kan ein gjere andre tiltak. Utanfor fjøsdøra kan ein støype ein liten platting for å sikre korrekt høgde for dyra når dei skal igjennom døra, som også er enkel å spyle ved behov. Pass på at den har fall vekk frå fjøset. Ein kan også leggje spalt på plassar med mykje trakk, legg gjerne eit godt lag med singel under spalten slik at den drenerer godt, og det tek tid før spaltene blir fylt med skit. På lenger strekningar kan ein bruke gummiunderlag, og transportband frå knuse-/sorteringsverk eignar seg godt. Om mogleg kan ein veksle på kvar dyra skal gå, slik at stiane får tid til å sette seg att og ein eventuelt får gjort vedlikehald. Ein kan også ta i bruk fleire dører inn og ut av fjøset for å fordele belastninga.